Barn
Berre PDF Skriv ut E-post
Skrive av kjell hansen   
onsdag 30. juni 2010 09:34

 

udygfdsc uhygdcuydsgclduysg dsuygsd cfluydsgf duyfg dsufygds fuygds uydg udyfg duyfgd ufygd fuygd fuydgf udyfgudyfgd fuygdf

Sist oppdatert onsdag 30. juni 2010 10:55
Les meir…
 
Biblioteket på internett PDF Skriv ut E-post
Skrive av Marit Gro Berge   
onsdag 26. august 2009 12:24


Alt vi har på biblioteket kan du også finne på internett, i katalogen,

når du trykker på denne teikninga:

 

 

 

Om du leitar etter ei bok eller ein film kan du
skrive søkeordet inn i ruta der det står søk.

Søkeordet kan vere det boka heiter (tittel): Charlie og sjokoladefabrikken
Det kan vere namnet på den som har dikta boka (forfattar): Roald Dahl
Eller det kan vere om noko som du er interessert i (emne): hest

 

hest

 

 

Når du har funne det du leitar etter, står det på høgre side kva bibliotek som har det.

Spør dei som jobbar i biblioteket (bibliotekaren) om du kan få låne boka med ein gong, eller om du må vente fordi det er andre som låner den.

Viss bibliotek ditt ikkje har det du spør etter, kan bibliotekaren låne det til deg frå eit anna bibliotek (fjernlån).

 

 

 
Er du nysgjerrig? PDF Skriv ut E-post
Skrive av Inger Jåstad   
onsdag 26. august 2009 09:03

Visste du at midt i Bergen finst eit hus med eit flott opplevingssenter? Det er nesten som eit leikeland eller ein familiepark som er under tak. Masse apparat som du kan eksperimentere med. Sjølv om det er utstyr som du kan bruke som eit leiketøy, er det eigentleg leiker som fortel oss noko om verkelegheita, og faktisk er du vorte litt klokare når du går heim att enn du var då du kom. Du kan jo for eksempel prøve korleis det er å vere på havbotnen, og du kan få vere i eit TV studio og presentere vermeldinga. Høyres dette bra ut, eller? Og så er det eit kamera der som finn ut kvar på kroppen du er varmast. Trudde du at du er like varm på nasa som på kneet kanskje? Feil! Det er så mykje kjekt å vere med på at du lyt nok gå der mange gonger viss du vil verte kjend med alt. Kvar dette er?? VilVite-senteret vel!

Sist oppdatert torsdag 27. august 2009 12:53
 
PIGGSVIN OG PØLSER! PDF Skriv ut E-post
Skrive av Anne E. Waage   
måndag 24. august 2009 07:07

Visste du at du kan se piggsvin og pølser nede i sjøen? Eller fiskar så tynne som ein tråd?

Jo,nede i sjøen er der eit yrande liv! Sjøpiggsvin som kan bevege alle piggane sine, tjukke, raude Sjøpølser, Tangsnelle-fiskar lange og tynne som ein sytråd- Alt dette og mykje meir lever nede i havet!

Og så er det fullt av skog, dSoftis er godt!er nede! I den veks Stortaren Den kan bli ein halv meter lengre for kvar dag og bli 35 m lang til slutt!

Trur du tare har noko med iskrem eller gelé å gjere? Svarar du nei, så svarar du feil! For når fabrikkane lagar iskrem eller gel\e så brukar eit stoff som heiter agar og som gjer at noko vert tjukkare. I tannkrem og sepe kan du finne det óg!

Men nokre av Sjøpiggsvina, eller Kråkebollane som mange kallar dei, er veldig glade i å ete tare- Så då får vi berre håpe at dei ikkje et opp all taren så tareskogen berre vert ein våt ørken til slutt!

Fekk du lyst til å vite meir? Her er ei bok du kan låne i biblioteket!

 

 

Kikke ned i sjøen? Då kan det vere lurt å lære seg å snorkle!

Sist oppdatert torsdag 27. august 2009 12:05