Skule og leksehjelp
Er du nysgjerrig? PDF Skriv ut E-post
Skrive av Inger Jåstad   
onsdag 26. august 2009 09:03

Visste du at midt i Bergen finst eit hus med eit flott opplevingssenter? Det er nesten som eit leikeland eller ein familiepark som er under tak. Masse apparat som du kan eksperimentere med. Sjølv om det er utstyr som du kan bruke som eit leiketøy, er det eigentleg leiker som fortel oss noko om verkelegheita, og faktisk er du vorte litt klokare når du går heim att enn du var då du kom. Du kan jo for eksempel prøve korleis det er å vere på havbotnen, og du kan få vere i eit TV studio og presentere vermeldinga. Høyres dette bra ut, eller? Og så er det eit kamera der som finn ut kvar på kroppen du er varmast. Trudde du at du er like varm på nasa som på kneet kanskje? Feil! Det er så mykje kjekt å vere med på at du lyt nok gå der mange gonger viss du vil verte kjend med alt. Kvar dette er?? VilVite-senteret vel!

Sist oppdatert torsdag 27. august 2009 12:53