|
14.september er det val til nytt Storting. Er du blant dei som kan stemme for første gang? Kjem du til å nytte stemmeretten din? Kari Anne Myrmel Leikvoll og Marius Hope kjem frå Austrheim og går 3.året på Austrheim vidaregåande. Begge satsar på å ta seg ein tur innom vallokalet og nytte stemma si. Kari Anne har ikkje heil bestemt seg enno for kva parti ho vil velje, ho vil vente og se. Marius trur han kjem til å lande på Kristeleg folkeparti eller Høgre. Men begge er samde om at det er sakene som tel og ikkje så mykje politikarane som personar! -Kor får de informasjon om dei ulike kampsakene,spør vi. Kva kanalar nyttar de? -Mest TV2, debattprogram, svarar Marius. Og litt på nett, nettaviser og slikt! -Valmøte på skulen óg, legg Kari Anne til. Første året på vidaregåande arrangerte skulen debattmøte i kantinen der polititkarar frå mange av partia tok del. Etterpå hadde vi prøveval i klasserommet. Kjekt ! Vi lærte mykje, håper skulen gjer det i år óg! -Diskuterer de politikk når de er ilag med vener eller i gjengen, lurer vi- -Ikkje så ofte, svarar begge. Vi pratar litt om oppslag i avisa. Og så diskuterer vi kva som bør gjerast eller kva vi ungdomar saknar! Men vi diskuterer ikkje så mykje partipolitikk,legg Marius til. I ein valkamp er det mange saker som er oppe, kva saker synest Marius og Kari Anne er dei viktigaste? -Betre og fleire tilbod til unge,svarar dei i kor. Ikkje berre sport, men andre aktivitetar! Også ting vi kan vere med på i helgane! -Og gamleheimsplassar,seier Kari Anne. Ho har besteforeldre som snart vert gamle og kanskje vil trenge hjelp! Dessutan heldt begge på med å ta lappen, så samferdsle og betre veg over Sletta er noko begge er opptekne av! -Er stortingsvalet viktig, spør vi til slutt. -JA,svarar begge! Om ikkje folk gidd å bry seg så vert ikkje ting betre! Vil vi at noko skal skje, må vi stemme! |