|
Hjelp! Kor finn eg stoff om India? |
|
|
|
|
Skrive av Inger Jåstad
|
|
onsdag 26. august 2009 08:34 |
|
Tema og prosjektarbeid, og å skrive andre oppgåver av litt større omfang er slikt som du må gjere ofte i skulen. Då må ein som regel på jakt etter opplysningar. Internett er sjølvsagt ein nødvendig informasjonskanal. Men no er det slik at å finne fram til relevant stoff på nettet og som er kvalitetssikra når det gjeld avsendar, ikkje alltid er like lett. Enkelte bibliotek har gjort ein kjempe jobb med å systematisere og finne fram sider som er aktuelle for for skuleelevar. To av biblioteka er Deichmanske bibliotek som ligg i Oslo, og Tønsberg folkebibliotek. Kikk litt på desse sidene neste gong du får oppgåver som du treng lese deg opp til. Det er store sjansar for at du finn noko du har bruk for. Du veit vel forresten at Store Norske Leksikon er å finne på nettet no? |
|
Sist oppdatert torsdag 27. august 2009 12:56 |