|
Visste du at Noreg er i verdseliten i snowboard? Og at Torstein Horgmo nyleg fekk sølv i New York, mens Terje Håkonsen vant prisen for beste trick. Eg har stor respekt for alle som vågar å kjøyre snøbrett, men eg har hørt at det skal vere lett og at det går mykje raskere å bli ein god snøbrettkjøyrar enn ein stødig alpinist. Risikoen for skadar skal vere ganske liten og snøbrettkjøring er gøy heilt frå starten. Det dreier seg visst mest om å overvinne frykt. Ønskjer du å lese om snowboard (snøbrett), kan du spørje etter bøker på biblioteket eller søkje i bibliotekkatalogen. Snowboard! av Matt Barr er ein bok i serien "Ekstremsport", og her får du vite litt om utstyr, teknikk og kordan man tek tak i skiheisen. Det er ein del utstyr som skal til for å kjøyre snøbrett, som støvlar, brett og bindingar. I spesialbutikkar vil du få gode tips om kva utstyr som passar for nybegynnar og for ein som er meir dreven. Kanskje lurt å låne utstyr først og sjå om dette er noko for deg.
I Nordhordland kan du prøve deg i Stordalen Skisenter i Masfjorden.
Elles er det skisenter på Kvamskogen, i Eikedalen og Furudalen, på Voss og Myrkdalen. Trente snøbrettkjøyrare likar gjerne å kjøyre utfrå toppar i løssnø og då kan Gullfjellet, Bergsdalen og Mjølfjell vere aktuell.
Det blir stadig fleire som køyrer snøbrett og kanskje ein av dei er deg? Lukke til i bakken, med eller utan trick! |