| MUSIKK-TIPS |
|
|
|
|
Er du av dei som meiner å vite at du ikkje likar jazz?
Og blant platene til Radka er kanskje ”Fairytales” den beste. Mange meiner det. Alle kåringar over gode norske jazzplater ender med ”Fairytales” plassert øvst, eller svært høgt oppe på lista. Og denne plasseringa trur eg den vil forsvare heilt til Dovre fell. Kvifor? Vanskeleg å seie. Festmusikk er det ikkje (om ein då ikkje sparar plata til nachspielet). Men lyden er heilt fantastisk, og det er så nydeleg gjennomført - og så trist - at det er til å bli i godt humør av (spel høgt, dette er IKKJE bakgrunnsmusikk)! Ny ”Jeg har lest bedre biografier enn denne. Men, nå sier hennes stemme og musikk mer enn noen tekst kan klare å formidle”. Og der kan det vere på sin plass å avslutte. For eg er samd med bloggaren; det er alltid vanskelig å skrive noko vettugt om musikk (som jo er eit sterkt ”språk” i seg sjølv). Men altså: Unn deg sjølv ei ”open høyring” av ei Radka Toneff-plate, for eksempel ”Fairytales”. Lukke til! (Erik Vollmer)
|

Musikk



Ikkje umogleg at du blir nøydt til å revurdere dette om du kjem i skade for å høyre plata ”Fairytales” med Radka Toneff (vokal) og Steve Dobrogosz (piano). Plata blei spelt inn i Grieghallen i Bergen i februar, 1982.
I oktober same året døde Toneff, bare 30 år gamal. Tragisk – og alt for tidleg sjølvsagt. Men heldigvis står det att ein del innspelt musikk etter henne som står støtt. Fjellstøtt.