Biblioteket på internett PDF Skriv ut E-post
Skrive av Marit Gro Berge   
onsdag 26. august 2009 12:24


Alt vi har på biblioteket kan du også finne på internett, i katalogen,

når du trykker på denne teikninga:

 

 

 

Om du leitar etter ei bok eller ein film kan du
skrive søkeordet inn i ruta der det står søk.

Søkeordet kan vere det boka heiter (tittel): Charlie og sjokoladefabrikken
Det kan vere namnet på den som har dikta boka (forfattar): Roald Dahl
Eller det kan vere om noko som du er interessert i (emne): hest

 

hest

 

 

Når du har funne det du leitar etter, står det på høgre side kva bibliotek som har det.

Spør dei som jobbar i biblioteket (bibliotekaren) om du kan få låne boka med ein gong, eller om du må vente fordi det er andre som låner den.

Viss bibliotek ditt ikkje har det du spør etter, kan bibliotekaren låne det til deg frå eit anna bibliotek (fjernlån).