Avantgarde PDF Skriv ut E-post
onsdag 26. august 2009 10:45

Det er omsider vår i Paris i det herrens år 1863. Etter ei tung regnskur, er parisarane igjen på farten. Duene sit på gesimsane og pussar fjørdrakta idet sola bryt igjennom. Det dampar av brusteinane; eit tynt lag av dis som sig inn i dei enno skuggefulle sidegatene, og blandar seg med ein eim av mat og avfall.

            I ei av desse sidegatene entrar me ein kafé, og rundt eit lite bord i hjørnet, lengst frå døra, sit Cézanne, Pissarro og Manet med fleire. Dei har ytterkleda på og ei halv flaske absint er innan rekkevidde for dei alle – sjølv om det er lenge før l'heure vert. Den høge sigarføringa og burleske stemninga som mange kjenner frå Henri Toulouse-Lautrec sine skildringar av det dekadente kunstnarlivet i Paris, er påtakeleg fråverande. Det har si naturlege forklaring, for det er enno eit par tiår før la Belle epoque får Paris til å svinge for alvor, og den godeste Henri blir ikkje født før til neste år.

            Litt usikre nærmar me oss baren og snart blir me var stemninga rundt bordet i hjørnet. Dei sit der og surmular. Den tunge og noko anstrengte atmosfæren har spreidd seg heilt til verten bak disken som må ta seg saman for å møte våre høflege nikk med noko som liknar eit smil.

            Mennene rundt bordet har alle blitt refuserte av det ærverdige Salon de Paris – den konservative og akademiske biletekunstens utstillingsvindauge. Her er det kun dei som føyer seg etter det gode selskaps normer som kan drøyme om å få plass. Og det er trangt om plassen på salonen, for bileta heng så tett at dei nesten skrapar i kvarandres ornamenterte gullrammer. Mellom desse veggane, dette lappeteppet av kunstens créme de la créme, vandrar sosieteten og gestikulerer med lorgnettar medan dei nikkar gjenkjennande.

            Karane på kafeen har fått nok. Dei er klare for å sprenge grenser. Dei er ikkje lenger nøgde med å vera fotsoldatar i kunstens teneste. Frå no av vil dei vera dei frie og modige. Fortroppen som skal ut i det ukjente for å visa veg. Dei har verva seg som avantgardistar, og forseglar den uskrevne kontrakten med ein dugeleg skål av det som var att i flaska, før dei passerer oss der me står og fingrar med nokre centimer for å kjøpa kaffi.

            Den 17. mai, same året, viser dei fram bileta sine på Salon des Refusés. Ei heil kunstverd, den parisiske vel å merke, er sjokkert, for på veggane heng det ikkje romantiske studiomåleri med blank ferniss. I staden er det bilete med kraftige og godt synlege penselstrøk, lyse fargar og kvardagslege motiv, måla en plain air.

            Reaksjonane er mange, alt frå harme til hånlatter. Skal dette vera ein spøk, oppvigleri, eller forsøk på kunst? Men, det tar ikkje lang tid før avantgardistane har tatt nakketak på forståsegpåarane.  No er det dei som leier den kompakte majoritet inn i ukjent land.

            Så er det fritt fram for all verdas hemningslause kunstnarar, hobbyekstentrikarar eller geni, å påberopa seg rolla som avantgardistar. I tung absintrus, med hatten på snei, monokkel og obskøne måleri i brunt innpakningspapir under armen, ravar dei ut i verda for å gjera seg udødelege. Eller, dei kunne gjere det med adskillig større kalkulert raffinement. Det har i alle fall vist seg at graden av furore som regel er proporsjonal med spalteplassen ein kan forvente å få i samtidas presse eller ettertidas oppslagsverk. Overraskande er det ikkje, sett i lys av mennesket si underlege dragning mot det skandaløse. Ein kvar falmande celebritet er inderleg klar over at ein aldri så liten skandale er det som skal til for å gje karriera eit piff.

            No var altså koden knekt. Etter dette har avantgardistar i alle verdas land gått fryktlause inn i det ukjente på jakt etter minefelt av skarplada tabu som dei kan trampe på og hoppe i for å rydde veg for dei middelmådige. Når så furoren er skapt og dei står der i ei skodde av sprengde grenser, omkransa av presse og olme moralistar, så er det berre å smi medan jarnet er varmt.

            I Paris me har omsider fått kaffien vår. Det er rett nok gått 146 år, men kaffien er god og var verdt å vente på. Det meste er underleg likt, bortsett frå verten og Salonen som begge er ein saga blott.

             Du kikkar tankefull på folka som kjem og går gjennom svingdøra, og eg kjenner på ei litt ukomfortabel kjensle av kanskje å vera ein av dei olme moralistane. Eg blei kanskje litt reven med. Var bråkjekk. Gjorde kanskje litt narr av avantgardistane. Det er då vitterleg dei som skapar framdrift og liv. Ja, hadde det ikkje vore for dei hadde vi vel framleis dyrka glansbilete diktert av den konservative eliten og kunsthistoria hadde vore eit undertrykt gjesp.

            Men, om eg hadde svinga innom Salon des Refusés, den gongen, for å sjå på dei sagnomsuste måleria, kva hadde eg gjort då?

            I hyllene heime står det fleire bøker med glansa fotografi av nettopp Cézanne, Pissarro og Manet sine verk, og eg kan sitja lenge i godstolen berre å sjå på dei – fordi dei er så fantastisk vakre. Likevel er eg redd eg hadde rynka litt på nasen i møte med dei fyrste impresjonistane.

            Kva gjer eg så i møte med dagens avantgardistiske uttrykk? Installasjonar, abstraksjonar, videokunst, eksperimentell digital fotokunst. Eg ser og ser, her er så underlig. Prøver å ta inn over meg det pussige, det subtile, det overraskande eller det reint estetiske. Kjenner etter om eg er provosert, eller berre litt irritert. Det er ikkje så lett, men det er neimen ikkje lett å vera avantgardist heller. Det skal større og større dosar til for å vekka slike som meg, sjølv om vodkaflasker fulle av mus og sprit, halve kuer og kalvar i  formaldehyd, oppblåste foto henta frå pedofile blader eller poserande silikonpreparerte lik er svært urovekkande, for ikkje å seie rett fram fråstøytande.

            Nokon vil kanskje hevde at kunsten er betre jo meir provoserande den er, og det hadde vore freistande å spørre kor langt ein er villig til å presse grensene. Kanskje det er som med rekordar, i idrett for eksempel. Før eller sidan må ein koma til eit punkt der det ikkje går an å setje rekord meir. Det er rett og slett umogeleg for eit udopa menneske å springe 100 meter raskare enn 9 sekund. Kva skjer med den øvinga då, når ingen lagar rekordar meir?

            Men enno er det mange uoppdaga minefelt å boltre seg i. Eit av dei til no best gøymde men samstundes mest eksplosive vert kalla islamsk fundamentalisme. Dette er berre for den harde kjerne av ekstremkunstnarar. Her treng ein ikkje ein heil rådhusvegg for å markera seg. Det held lenge med ein enkel penneteikning på ein serviett.

            -Om det er nokon som er etisk ansvarleg ? For røyndomen eller formidlinga av den?

            Tvilen kjem snikande når tankane stilnar. Kanskje det berre er eg som ikkje forstår. Kanskje det ustoppelege trykket frå røyndomen har avstumpa meg. Kanskje eg, og andre reaksjonære nostalgikarar, ikkje har kapasitet til å fornemma det geniale i vår tids avantgardistiske kunst? Medan me ventar på at verda skal trykka dei nye pionerane til sitt bryst, finn me det tryggast, i all vår middelmådigheit å halda fint kjeft, nikka, lytta og lata som om me forstår.

             Kaffien er nesten kald no, men eg tek ein sup til og fylgjer med augo ein joggar på den andre sida av gata. Den lette kroppen, i fargerik trikot, smett mellom dei andre gråbrune skikkelsane som vassar på fortaua. Eit pussig syn som krydrar det kvardagslege og gjev næring til ein enkel tanke som ikkje bryskar seg med meir enn: så rart. Det er på tide å reise no. Tankane byrjar å bli flyktige og eg lengtar litt heim. Sukrar den siste resten av kaffien og slurpar den i meg medan eg tenkjer på bløming i Hardanger, solstreif over høgfjellet, mektige fossar, kvite bjørkestammar som speglar seg i blikkstille vatn; magiske stemningar, vakker, motstandslaust og harmonisk.

- Det hadde vore noko å komme trekkande med på neste haustutstilling, seier eg, og  sukkar.

- Kva sa du?, spør du.

- Nei, det var ikkje noko. Men her kan me ikkje sitje og surmule. Det er på tide å komme seg heim. 

 

Tekst Jarle Midtbø

 

 

Sist oppdatert onsdag 26. august 2009 11:42