Om oss PDF Skriv ut E-post

 

Under logoen ”Mitt Nordhordland” samarbeider folkebiblioteka i Nordhordland om å presentere kommunal informasjon og nyhende innafor kulturlivet i  Nordhordland generelt og tilboda til folkebiblioteka i regionen spesielt.

 

 

”Mitt Nordhordland” kom i stand som eit prosjekt støtta av Biblioteksentralen.

Garden Biblioteka i regionen har tradisjon for å samarbeide, og vi arbeider under mottoet ”til beste for brukarane”. Vi har hatt eit formelt, interkommunalt samarbeid sidan 1992. Med støtte frå regionrådet NORDHORDLAND IKS starta  utarbeidinga av ein strategisk bibliotekplan for Nordhordland i 2005. Planen vart vedteken i dei respektive kommunestyra i 2006 og er gjeldande fram til 2010.

Biblioteka har følgjande hovudmål for perioden:

Alle elevane i Nordhordland har tilgang til like gode skulebibliotek. Biblioteka legg til rette for å auke lesedugleik, skape leseglede og grunnlag for læring. Ressursane blir nytta betre gjennom samarbeid med barnehagar og grunnskular og heilskapleg organisering av bibliotekverksemda i kommunane.
(Strategi: Barn og unge)

Biblioteka er ein sentral møteplass for formidling  og opplæring av litteratur, kunst og kultur.
(Strategi: Kultur)

Biblioteka er reiskapar for innbyggjarane si deltaking og tilgang til informasjons- og kunnskapssamfunnet.
(Strategi: IKT og kunnskap)

Les heile planen her.

                       

         

Skrive av Marit Gro Berge

Sist oppdatert onsdag 30. juni 2010 11:04