Hugseliste

Du har 0 titlar på hugselista.

Vis hugseliste

Starten av innholdet

Nytt system for lån av e-bøker

Biblioteka i Hordaland har bytta utlånssystem for e-bøker frå og med 11. februar 2016. Tenesta krev at du har lånekort ved eit biblioteka i Nordhordland og du må laste ned appen eBokBib.

App-en eBokBib finst for mobile einingar som brukar iOS- og Android-operativsystem. eBokBib kan lastast ned i Apple Store eller Google Play. Når du har lasta ned appen, så loggar du deg på med lånarnummeret ditt og pin-koden din. Viss du manglar pin-kode, så ta kontakt med biblioteket ditt. Etter at du har logga deg på, så finn du deg ei bok og lånar den. Du les boka i appen og det er mogeleg å lese bøker utan å vere tilknytt internett.

Sjå her for meir detaljert rettleiing i korleis låne e-bøker: http://www.elanhordaland.no/

Sjå her for vanlege spørsmål om eBokBib: http://ebokbib.no/faq.html

Her er også ein video som viser korleis eBokBib virkar: https://www.youtube.com/watch?v=IFB6H6GOLvY&feature=player_embedded

Ta kontakt med biblioteket ditt om du har problem.

E-bøker 

 

 

Brukarkommentarar

Du må vere logga inn for å skrive kommentarar.

Ingen kommentarar